Gjeldande hamnereglement

 HAMNEREGLEMENT

FOR

EIVINDVIK BÅTLAG

Vedtekne på årsmøtet den 06.03.2015, sak 11

§ 1.        Godkjenning av  hamnereglement.

Årsmøtet vedtek  hamnereglementet, og endringar i dette.

§ 2.        Styret sitt ansvar 

Styret har ansvaret for at hamna er i forsvarleg stand, og ser til at reglane for hamneanlegget vert haldne. Styret kan peike ut medlemer til å utføre spesielle oppgåver, og fastset eventuell godtgjersle. Styret skal føre liste over båteigarar som har plass i hamna.

Kvart medlem av båtlaget kan påleggjast å arbeide dugnad. Styret avgjer kor mykje dugnad kvart medlem kan påleggjast i året. Ved fråvær av pålagd dugnad kan styret fastsetje at det skal betalast ein timesats, og kor stor denne timesatsen skal vere.  Uføre kan ikkje påleggjast dugnad

§ 3.        Rydding    

Kvar einskild medlem pliktar å rydde opp etter seg i småbåthamna, slik at hamna til eikvar tid er rein og ryddig. Tilgrising av hamneområdet og bryggjer med sløying av fisk, dumping av avfall, utslepp av olje og bensin og liknande er ikkje tillate. Privat utstyr som t.t teiner og anna fiskeutstyr  skal ikkje  plasserast/lagrast  på bryggjene eller andre stader i hamna. Medlemer i laget må ta eige boss med heim. Dette gjeld også spillolje, batteri og liknande.

§ 4.        Manøverering i hamna – ansvar for plassert utstyr

Båteigarar skal vise aktsemd ved manøverering i hamna.
Ferdsel i hamneområdet  skjer på eige ansvar.
Båtlaget har ikkje noko ansvar for utstyr som er plassert i hamna

§ 5.        Dødsfall og arv
Ved dødsfall kan retten til båtplass som hovudregel  overdragast til ektefelle/sambuar eller slektningar i rett opp- eller nedstigande line, men ikkje lenger enn til barnebarn. Styret kan fråvike hovudregelen.

§ 6.        Båtplass ikkje nytta til eigen båt
Dersom ein båtplass blir liggande utan å bli brukt til eigen båt i meir enn 2 år, kan laget  ved styret seie opp medlemskapet og tilby medlemskap og båtplass til den som har best ansiennitet på ventelista.

§ 7.        Framleige og utlån av båtplass
Det er ikkje høve til framleige av tildelt båtplass mot avtalt leige.
Eit medlem kan late andre disponere båtplassen i inntil to år. Styret kan dispensere frå denne regelen. Medlemet  er  – andsynes laget  – ansvarleg for betaling av årsavgifta.

§ 8.        Fortøying
Alle pliktar å fortøye båtane sine  forsvarleg.  Det skal  vere montert fjøring på alle fortøyingar.
Båteigarane er økonomisk ansvarlege dersom båtane påfører hamneanlegget skade.
Båteigarane har plikt til å melde frå til styret ved leiaren dersom det skjer skade, eller dersom dei oppdagar noko uregelmessig i båthamna.

Dersom nokon ikkje rettar opp manglar etter påtale frå styret i båtlaget, skal båtlaget utføre arbeidet for båteigaren si rekning. Viss styret finn å måtte kjøpe desse utbetringstenestene  (deler og/eller arbeid), er båteigaren pliktig til å refundere båtlaget sine kostnader. Viss utbetringa blir gjort på dugnad i regi av styret i båtlaget, skal styret fastsetje ein pris på arbeidet.

§ 9          Internkontroll i båthamna

1.            Periodisk, visuell kontroll

Styret i båtlaget skal organisere ein visuell kontroll av båthamna ein gong i månaden.
Det skal førast ein logg over kontrollane som dokumenterer at kontrollen er utført.
Loggen skal daterast og signerast av han/ho som har gjennomført kontrollen.
Kontrollen skal femne om det som kan observerast frå land og frå flytebryggene og utliggarane.

2.            Årleg kontroll av fortøyingane

Ein gong i året, eller så ofte som forsikringsselskapet eller lover og forskrifter måtte kreve det, skal  dykkar kontrollere flytebryggene sine fortøyingar.

§ 10.      Båteigar sitt ansvar for  ansvarsforsikring
Medlemene må syne orden og varsemd i hamneområdet. Båteigaren må sjølv syte for fullgod forsikring av båten sin, då båtlaget ikkje tek noko ansvar for skader i hamneområdet. Alle båtane i hamna  skal ha ansvarsforsikring.

§ 11.      Eivindvik båtlag sine forsikringar 

Eivindvik Båtlag skal ha ansvarsforsikring og kaskoforsikring

§ 12.      Endringar og omrokkeringar
Styret har fullmakt til å endre på utforminga av båtplassane,  og til å flytte det einskilde medlem sin båtplass i hamna.

§ 13.      Utestenging
Medlemer som ikkje rettar seg etter laget sine vedtekter, reglement og retningsliner, eller som ved framferda si i stor grad irriterer andre medlemer, kan få åtvaring frå styret.  Dersom tilhøva likevel ikkje betrar seg, kan vedkommande ekskluderast frå båtlaget. Styret avgjer dette, etter først å ha høyrt den klaga si framstilling av saka. Eit medlem som blir utestengt, kan anke saka inn for eit ordinært årsmøte, men vert å sjå som medlem til årsmøtet er halde.