Gjeldande økonomireglement

EIVINDVIK BÅTLAG – ØKONOMIREGLEMENT

Vedteke på årsmøtet den 06.03.2015, sak 10

§ 1          Godkjenning av økonomireglementet.

Årsmøtet gjer vedtak om økonomireglement, og endringar i dette.

§ 2          Medlemskap  og tildeling av båtplass

1.            Medlemskap
 Personar, organisasjonar og verksemder kan bli medlemer i Eivindvik Båtlag.
Det er eit vilkår for medlemskap at båtlaget sine vedtekter og reglement (herunder økonomireglementet  og  hamnereglementet) blir aksepterte.
Vedtektene og regelverket blir sett på som aksepterte ved signatur av erklæring om aksept.

2.            Tildeling av båtplass
Den som ønskjer båtplass i Eivindvik Båtlag melder frå til styret ved leiaren. Dersom det ikkje er ledige plassar blir dei interesserte sette opp på venteliste. Den som har best ansiennitet på ventelista får seg tildelt båtplass først.

§ 3          Årsavgift
1.            Årsavgift for alle medlemer
Medlemene i Eivindvik Båtlag skal betale ei årsavgift.
Årsavgifta er fri inntekt, men skal i hovudsak  dekke drifta av laget  og oppbygging av økonomiske reservar. Årsavgifta vert fastsett av årsmøtet. 

Ved oppseiing av medlemskap i løpet av kalendaråret blir ikkje  ein høvesvis del av årsavgifta refundert.

Vert ikkje årsavgifta betalt innan betaligsfristen kan styret, etter gitt varsel, stryke vedkommande som medlem.

2.            Årsavgift for medlemer som disponerer båtplass
Dei medlemene som disponerer båtplass skal, i tillegg til årsavgifta under pkt 1 ovanfor,  betale ei særskilt årsavgift for kvar båtplass dei disponerer.
Årsavgifta er fri inntekt, men skal i hovudsak  dekke drifta av laget,  drift og vedlikehald av hamneanlegget, og oppbygging av økonomiske reservar. Årsavgifta vert fastsett av årsmøtet. 

Ved oppseiing av medlemskap i løpet av kalendaråret blir ikkje ein høvesvis del av årsavgifta refundert.

Vert ikkje årsavgifta betalt innan betaligsfristen kan styret, etter gitt varsel, stryke vedkommande som medlem.

§ 4          Innskot/lån 

Hamneanlegget og dei tilhøyrande båtplassane er eigde av Eivindvik Båtlag.
Medlemene får disponere tilvist båtplass mot å betale eit innskot.
Innskotet skal  dekke felleskostnader til utbygging av hamneanlegget (investeringar).
Innskotet skal ikkje nyttast til drift og ordinært vedlikehald.
Innskotet vert fastsett av styret.  Innskotet kan variere etter standarden på båtplassane.

Innskotet er å sjå på som eit rente- og avdragsfritt lån til båtlaget. Når medlemet seier opp medlemskapet, får han/ho  tilbakebetalt innskotet.  Oppseiing av medlemskap  skal vere skriftleg. Laget kan vente med å betale tilbake innskotet til laget har overført disposisjonsretten til båtplassen til ein annan, og vedkommande har betalt sitt innskot til laget.

Medlemet kan ikkje overføre innskotet/lånet til andre

§ 5          Styret sine økonomiske disposisjonar

Styret disponerer årsavgifta mellom årsmøta
Kun leiaren, eller han/ho som fungerer i leiaren sin stad, eller han/ho som leiaren gjev fullmakt, har rekvisisjonsrett. Alle rekningar skal attesterast av leiaren.

§ 6          Låneopptak

Styret har fullmakt til å ta opp lån i laget sitt namn  på inntil kr 200 000,- til finansiering av vedtekne utbyggingar/utbetringar.